Arrangement
HURRA! KLOVNEN KNUT kjem på besøk til biblioteket med framsyninga: "Velkommen til bords, Rufus Roff!" Det skjer torsdag 27. oktober kl 17.00. Les meir om kva dei to kompisene planlegg lenger nede på sida.
Hausten 2016
Laurdag 27. august: Foredrag om kraftstasjonen på Gåssand kl 14.30
Os sogelag vart stifta i vår, og vil som sitt første prosjekt presentera Gåssand kraftstasjon. Øystein Moberg som var leiar for Os E-verk, og seinare direktør for Oskraft AS, held foredrag i biblioteket denne laurdagen. Søndag 28. august vert det ope for omvising og orientering i kraftstasjonen ved Norvald Skåtøy.
Les meir i Os & Fusaposten.
6.- 9. september: Os gymnas på klassebesøk
Denne veka kjem alle tredjeklassane på Os gymnas for å få lesetips og temainspirasjon til årets litterære særemne. Bunker med bøker, og lister med ulike tema – sorg og sjukdom, klimakrise og politiske flyktningar, kjærleik, krig, dystopiar og samfunnssatire, spiseforstyrringar og doping … Mange innfallsvinklar til spennande litteratur!
Onsdag 14. september: Foreldremøte på Halhjem barneskule, kl 18.00
Tulutta og Makronelle tar med seg bokbunkar og leseknappar til foreldremøte i 3. klasse på Halhjem barneskule. Humor og spenning, fantasy og fakta – det store leseeventyret i klasserommet og blant venner.
Måndag 19. september: Lesering kl 19-21
Tema: Kulturfond-gleder!
Laurdag 24. september: Avslutningsfest for Sommarles!, kl 12-14
Sommarles 2016 blir avslutta 31. august, og for å feira 3 månader med sommarlesegleder, inviterer vi til minifest i biblioteket! Det blir boller & saft frå kl 12, og kl 13 blir det premietrekning blant dei som er til stades – og ein ekstra trekning for alle som har deltatt i lesinga. Velkommen!
Onsdag 28. september: Foreldremøte på Lunde barneskule, kl 18.30
Tulutta og Makronelle landar på foreldremøte i tredje klasse på Lunde barneskule. Festhattar og leseknappar, leselykke og samtalegleder.
Laurdag 22. oktober: Barneteater «Den kjempestore krokodillen», kl 13.00
Det er hundre år sidan forfattaren Roald Dahl vart fødd, og vi feirar dei muntert-groteske forteljingane hans med glefsande glupsk krokodille-teater! Teaterkompaniet Krabatene spelar og syng og fortel historia om «Den kjempestore krokodillen».
Passar for dei fleste, og spesielt for dei mellom 3 og 10 år. Gratis moro!
Måndag 24. oktober: Lesering kl 19-21
Tema: Kulturfond-gleder! Forfattaren Gøhril Gabrielsen fekk nyleg Amalie Skram-prisen for forfattarskapen sin. Vi les og samtaler om boka: Din, alltid
Juryen skriv om tildelinga:
Gjennom nære og svært troverdige skildringer av enkeltskjebner gir Gøhril Gabrielsen seg i kast med de store spørsmålene; hva det vil si å være menneske i relasjon til andre mennesker, hva som former oss og de valgene vi tar, hvorvidt vi er frie til faktisk å velge. Gøhril Gabrielsen behandler forhold mellom søsken, mellom mor og datter og mellom ektefeller på en ny og tankevekkende måte og i et veloverveid, originalt og ofte poetisk språk.
Som hos Skram, er skildringene til tider så hjerteskjærende groteske og samtidig så absurde at man som leser ikke vet om man skal le eller gråte. Den svarte humoren som karakteriserer det meste av Amalie Skrams diktning, finner vi igjen hos Gabrielsen. Samtidig er hovedpersonene, som hos Skram, skildret med så stor omtanke at leseren ikke kan unngå å leve seg inn i deres fastlåste situasjon eller rives med i begeistring når de øyner en vei ut av håpløsheten.
Tysdag 25. oktober: Foredrag om Moldegaard, kl 19.00
Os sogelag inviterer til møte og foredrag om Moldegaard, ved Terje Hatvik. Meir info kjem seinare.
Torsdag 27. oktober: Barneklovneri med Klovnen Knut (for 3-9 år), kl 17:00
Hurra! Klovnen Knut kjem på besøk, med framsyninga: Velkommen til bords, Rufus Roff!
Han har invitert sin beste firbeinte venn til eit utsøkt måltid! Faktisk verdas beste middag.
Det er mykje som skal ordnast: Pynta bord og leita fram bestikk, dekka på og laga mat – før Rufus Roff gjer sin entré. Mykje å hugsa på, og ikkje alltid like lett å halda tunga i rett munn, for ein raudnasa vert som strever med uregjerlege blomar, floker av vaser og bestikk – og ellers surrar med det meste! Alt går vel ikkje heilt etter oppskrifta. Meir som når ein kjøtrett fell i fisk …
Her er det duka for tryll & tøys, overraskingar og komplikasjonar på løpande band etter som førebuingane skrid frem. Og så er det Rufus Roff da; ein firbeint sjarmerande ulldott som heller ikkje gjer jobben som middagsvert heilt enkel, men desto meir morosam og magisk! Gratis for alle, varer ca 45 minutt.
Tysdag 8. november: Foredrag om plantar, hagedraumar og bøker, kl 19:00
Biblioteksjef Elisabeth B. Tøsdal kåserer om livet med plantar, buskar og trær – i bøker og i litteraturen.
Os hagelag er arrangør. Ope for alle!
Måndag 14. november: Foredrag om strikkekofter, kl 13:00
Velkommen til koftefest! Strikkebokforfattaren Tone Loeng kjem på formiddagsbesøk, og held foredrag om kofter og kofteskikk – ei reise i Norge med kofter frå ulike stadar i landet som reisefølge. Boka «Koftefest» har ho laga i samarbeid med Vanja Blix Vangsrud, og den finst sjølvsagt til utlån i biblioteket!
Måndag 21. november: Lesering kl 19-21
Tema: Kulturfondgleder!
Torsdag 15. desember: Foredrag om «Jul – der ingen skulle tru …» kl 17:00
Velkommen til julestemning i biblioteket! Oddgeir Bruaset vitjar oss med varmt og høgtids-ringlande kåseri om jula, basert på NRK-boka: «Jul – der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Alle er hjarteleg velkomne!
Arrangementet er eit samarbeid mellom biblioteket og Den kulturelle spaserstokken. Billettar kr. 50,-
Våren 2016
Torsdag 7. januar: Torsdagsklubben kl 18-21
Nytt år og nye moglegheiter. Det kan vel ikkje bli betre enn det?! Torsdagsklubben vitjar biblioteket og får med seg eventyrlege overraskingar frå Prinsessene i Berget det blå! Her kan det verta Herremannsbrura, Buskebrura, Lurvehette, Åse Gåsepike – eller Pindia Pampistiko Pampibanon. Og så vert det nydeleg kveldsmat, sjølvsagt!
Hjarteleg velkomne til ein trolsk eventyrkveld!
Onsdag 13., onsdag 20. og onsdag 27. januar: Eventyrstunder for alle førsteklassingane i Os
Den fortryllande forteljaren Merethe Gauden spelar, sprudlar og fortel om heltar og troll og ender av gull – for alle som går på første klassetrinnet i Os.
Arrangementa er eit samarbeid mellom biblioteket og Den kulturelle skulesekken. Biblioteket er stengt for publikum desse dagane.
Måndag 25. januar: «Norges låver» kl 17.00
Forfattar og journalist Eva Røyrane kåserer i ord og bilete om boka Norges låver. Boka ga ho ut i 2014, saman med fotografen Oddleiv Apneseth. Gjennom historier og bilete presenterer dei mangfaldet frå velhaldne låver til forfalne låver, samt spennet frå dei tradisjonelle til dei arkitektteikna låvene.
Eva Røyrane har mellom anna jobba som reportasje- og kulturjournalist i Bergens tidende i ei årrekke, og har skrive mykje om bygdeliv, arkitektur og bygningsvern. Ho har også gitt ut fleire bøker med lokal- og arkitekturhistorie som tema. Alle er hjarteleg velkomne!
Arrangementet er eit samarbeid mellom biblioteket og Den kulturelle spaserstokken. Billettar kr. 50,-
Måndag 8. februar: Lesering kl 19-21
Velkommen til første boksamtalesamling denne våren – ope for alle som vil, og som ønskjer seg leseinspirasjon!
Denne måndagen skal vi snakka om: De urolige, den nyaste boka til Linn Ullmann, som nyleg vann P2-lyttarane sin romanpris.
Boka er ein av dei seks norske romanane som er nominerte til P2-lyttarane sin romanpris for 2015, og resten av sesongen har vi tenkt å lesa fleire av desse bøkene.
Onsdag 17. februar: «The Andrew sisters» kl 17.00
Med stemmeprakt og swingrytmar, tidsriktige kostyme og frisyrer på store hårruller, gjev Underholdningsvogna sitt publikum ei flott teateroppleving som sprer humor og glede. Gjennom kjende låtar, som «Rum and Coca Cola» og «Bei Mir Bist du schöen», vert me kjende med historia om dei tre norsk-amerikanske swingjazz-søstrene som tok verda med storm på 1940-50-talet.
Kjersti Ekman, Maiken Kroken og Benedicte Barra er alle profesjonelle utøvarar innan musikk. Dei deltok i NRKs «Beat for Beat» i fjor haust og turnérer med denne eigenproduserte framsyninga på ulike institusjoner og kulturhus. Alle er hjarteleg velkomne!
Arrangementet er eit samarbeid mellom biblioteket og Den kulturelle spaserstokken. Billettar kr 50,-
Måndag 4. april: «Vestlandshagen» kl 17.00
Forfattaren av boka «Vestlandshagen», Lisbeth Dreyer, kjem til biblioteket for å visa bilete og fortelja om dei vakre parkane og hagane ho har vitja i arbeidet med boka.
«Hagar er meir enn tre og blomar, dei er stadar som fortel historier. Dei er noko av det finaste som finst av kulturlandskap», meiner Lisbeth Dreyer.
I ord og bilete har ho skildra den særeigne steminga som finst i mange av desse hagane. Alle er hjarteleg velkomne!
Arrangementet er eit samarbeid mellom Os folkebibliotek og Den kulturelle spaserstokken. Billettar kr 50,-
Måndag 18. april: Lesering kl 19-21
Vi samtalar om boka: «Det usynlige biblioteket», av Thorvald Steen.
Boka er ein av dei seks norske romanane som er nominerte til P2-lyttarane sin romanpris for 2015, og resten av sesongen har vi tenkt å lesa fleire av desse bøkene.
Torsdag 26. mai: «Fiffen møter tjuagutta» kl 17.00
Dansesprell og klassisk musikk med Ole Petter Knarvik og David Bryn (dans), og Werner Bryn (cello). Dei to dansarane har barkgrunn frå mellom anna breakdancegruppa Absence Crew, og kom til semifinalen i Norske talenter som Funky2 i 2014.
Framsyninga har vore del av programmet til Bergen kulturelle spaserstokk til stor begeistring hos publikum. Dette vert ein skikkeleg energi-boost!
Arrangementet er eit samarbeid mellom Os folkebibliotek og Den kulturelle spaserstokken. Billettar kr 50,-
