Sommarles 2016

Bli med på den kulaste lesekampanjen i sommar! Lag deg ein brukar på nett, så får du lesetips, oppgåver, premiar - og tilgang til ei eksklusiv og superspennande fantasyforteljing! (Sjekk passord lenger nede på sida!)

Lesemoro og sommarfri!


frå 1. juni
til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse vera med på Sommarles 2016, saman med barn og unge frå nesten 200 kommunar i landet.

Sommarles er for alle, og du konkurrerer først og framst med deg sjølv. Du får XP (poeng) for kvar bok du les og registrerer på sommarles.no i kampanjeperioden, og går etter kvart opp i nivå. Du kan lesa vanlege bøker, ebøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller bli lest for av nokon andre. All lesing tel og gir poeng. Hvis du vil, kan du konkurrera med venane dine.

Og vi har premiar! Du kan få både digitale trofé til profilen din på nettsida, og kule premiar som du hentar på biblioteket. Når lesekampanjen er over, blir det fest og trekning av ekstrapremiar.

Sommarles er først og framst nettbasert, det vil seia at du registrerer bøker du har lese, får nye lesetips, løyser oppgåver og kan følgja med på kva venane dine les på sommarles.no. Her får du også tilgang til ei superspennande fantasyforteljing av forfattaren Mari Moen Holsve. Eit nytt kapittel vert sleppt annakvar veke, spørsmål og eit passord som utløyser digitale premiar.

Første passord er: TORS, andre passord er: MEKTIGSTE, tredje passord er: GUDENES, fjerde passord er: VÅPEN. Femte og siste passord er: HAMMER.

Sjekk ut sommarles.no for meir info, eller kom innom biblioteket for å få hjelp!