Scene og arrangementsarena
Folkebiblioteka i Norge skal vera kunnskaps- og debattarena i nærmiljøet. Litteraturformidling, ulike kulturuttrykk og samfunnsdebatt skal stå i sentrum for verksemda - i samspel med lokale lag og organisasjonar, og privatpersonar som ønskjer å skapa debatt, engasjement, inspirasjon og aktivitet i lokalsamfunnet.
Biblioteket som arena for liv & røre
Bilete laga av barn i Os barnehage
Dersom du eller nokon du driv ei forening i lag med, har lyst til å leggja eit arrangement til biblioteket, tar vi gjerne imot innspill og idear. Det er kjekt at det skjer mykje og variert i biblioteket! Kan hende har du lyst til å arrangere ein sjakkturnering? Kanskje har du lyst til å halda utstilling og invitera til vernissage i biblioteket?
Nore Neset mannskor på øving i biblioteket
Ein laurdag inviterte husflidslaget til strikke-frukost i tidsskriftkroken, ein annan gong hadde Os barnehage vernissage i barnekroken, etter å ha jobba med kunstprosjekt på alle avdelingane i ein periode. Vil du ha danseoppvisning ein laurdag, for å promotera danseklubben din? Har du lyst til å invitera nokon til å halda foredrag om noko du brenn for? Ta kontakt!

